Söndag 28 april

8. Pål sina höner

Pål sinne høner på haugom ut sleppte, høna så lett over haugen sprang.
Pål kunne vel på høna fornemma, reven var ute med rova så lang
/: Klukk, klukk, klukk! Sa høna på haugom :/
Pål han sprang og rengde med augom, "No tor eg ikkje koma heim åt ho mor"

Pål han gjekk seg litt lenger på haugen, fekk han sjå reven lå på høna og gnog
Pål han tok seg ein stein uti neven, dugleg han då til reven slo.
/: Reven flaug så rova hans riste :/
Pål han gret for høna han miste, "No tor eg ikkje komma heim åt ho mor"

Hadd'eg no nebb og hadde'eg no klo, og visste eg berre kvar revane låg
skull'eg dei både rispa og klora, framantil nakken og bak over lår.
/: Skam få alle revane raude :/
Gud han gjeve dei alle var daude, så skull'eg trygt koma heim åt ho mor

Ikkje kan verpa, og ikkje kan ho gala, ikkje kan ho krypa og ikkje kan ho gå.
Eg får meg til kverna og mala, og få at det mjølet eg miste i går
/: "Pytt" sa'n Pål "eg er ikkje bangen" :/
Kjeften og motet har hjelpt no så mang ein, eg tor nok vel koma heim åt ho mor

Pål han kornet på kverna til å sleppa, så at det ljomma i kvar ein vegg.
Så at agnene tok til å flyga, så dei vart lange som geiteragg.
/: Pål gav seg til å le og kneggja :/
"No fekk eg like for høna og for egga, no tor'eg trygt koma heim åt ho mor!"

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS 2.1